Artikkelen er mer enn ett år gammel

Valkomitéen i NJ vil ha Hege Fagerheim som ny nestleiar

Valkomitéen innstiller Hege Fagerheim frå NRK som ny nestleiar i Norsk journalistlag. Tidlegare er Dag Idar Tryggestad innstilt som ny leiar. Vala skal gjerast på landmøtet i mars, og innstillinga er samrøystes.

Hege Fagerheim er 52 år gamal og opphaveleg frå Mosjøen i Nordland. Ho blei tilsett i NRK Drama i 2007, men har også vore innom fleire aviser og har jobba med kultur, feature og forskingsjournalistikk. Fagerheim er utdanna musikkvitar og har studert mediepedagogikk og TV-produksjon.

Dei siste 9 åra har Hege Fagerheim jobba heiltid for NJ i NRK – dei to første som organisasjonssekretær, sidan som nestleiar. Den siste perioden har ho møtt ei rekke gonger i landsstyret som vara. Ho leia organisasjonsutvalet som vurderte korleis NJ skal møta framtida, og ho var også med i vedtektsutvalet som tok dette arbeidet vidare.

Sikrar breidde

Jan Børge Leirvik, leiar i valkomitéen. Foto: NRK

– Me har vurdert fleire gode kandidatar og kome fram til at Hege, saman med Dag Idar, vil utgjera det beste leiarteamet totalt sett. Dei vil utfylla kvarandre på ein god måte, seier leiar i valkomitéen, Jan Børge Leirvik.

Valkomitéen har lagt vekt på breidde i den politiske leiinga. Tryggestad kjem frå BT/Schibsted og den kommersielle delen av bransjen, Fagerheim frå den store og offentleg finansierte allmennkringkastaren NRK.

Organisasjonsutvikling

Leirvik meiner Hege Fagerheim sin bakgrunn og utvalsarbeid det siste to åra, gjer ho godt rusta til å utvikla NJ-organisasjonen vidare. Dette blir ei av hovudoppgåvene til det nye landsstyret.

– Våre rundspørjingar blant klubb- og lagsleiarar og i landsstyret, viser at ho er ønskt av mange – også av folk som har vore kritiske til fleire av vedtektsutvalet sine konklusjonar, seier Leirvik.

Les også:
Dag Idar Tryggestad er innstilt som ny NJ-leiar