Hopp til innholdet

Publisert: 11. november 2026. Oppdatert: 11. november 2026

Eli Uttakleiv er Årets klubbleiar 2026

Eli Uttakleiv frå Rakkestad Avis er Årets klubbleiar 2026. Kåringa fann stad under Styrkeløft.

NJ-leiar Dag Idar Tryggestad, Eli Uttakleiv og nestleiar Margrethe Håland Solheim. Foto: Christine Tolpinrud/NJ

«Grunngjeving Årets klubbleiar

Det å få gjennomslag kan ta lang tid. Nokre gonger tek det også vesentleg lengre tid enn det burde.

I desse situasjonane krevst det tolmod, staheit og ikkje minst: Ein må evne å ta til seg ny informasjon fort.

Å vere ein person som ikkje gir seg når nokon seier nei, og atter nei, det står det respekt av. Slik er årets klubbleiar.

Det er ikkje alltid enkelt å setje seg inn i eit komplisert avtaleverk eller forstå juridiske omgrep ein sjeldan møter i kvardagen.

Årets klubbleiar tok ikkje berre fatt på ei enorm utfordring på vegne av medlemmene etter kort tid i vervet. Prisvinnaren var også heilt fersk i yrket.

Heldigvis for medlemmene i den vesle klubben er årets klubbleiar utstyrt med sterk rettferdssans.

Ho tør å seie ifrå, og ho gir seg aldri.

Det er ikkje alltid lett i ein redaksjon med færre tilsette enn talet på fingrar på éi hand. Presset og ubehaget kan bli for stort til at ein orkar å stå løpet ut.

Men årets prisvinnar stod løpet ut. Så til dei grader.

Eit løp som starta allereie i 2023. Klubbleiaren sjekka lønnsslippen og stussa over det som stod der. Var det ikkje noko som mangla?

For mange sluttar det der. Ein sjekkar ikkje opp mistanken, eller ein slår seg til ro med svaret ein får. For det har jo alltid vore akkurat slik i denne avisa.

Årets prisvinnar slo seg ikkje til ro. Ho lurte framleis på dette med manglande helgetillegg og at dei tilsette jobba for mange dagar kvar einaste månad.

Ho las seg opp på avtaleverket, ho søkte hjelp hos dei som forstod jusspråket betre enn henne, og ho gav aldri opp.

Våren 2026 kunne ho smile av å ha fått gjennomslag.

Klubbmedlemmene kjøpte inn kake for å feire resultatet av den lange kampen: Kvar av dei fekk tilbakebetalt en klekkelig sum for manglande overtid og helgetillegg fleire år tilbake.

Den innsatsen fortener meir enn berre kake. Men kjenner vi prisvinnaren rett, var det neste som skulle takast tak i, allereie planlagt så snart kaka var eten opp.

Årets klubbleiar er Eli Uttakleiv frå Rakkestad Avis.»