Tor Arne Brekne i Oppland Arbeiderblad er Årets klubbleiar. Han fekk prisen på Norsk Journalistlag si tillitsvaldsamling Styrkeløftet.
“Rolla som tillitsvald byr på mykje. Du skal vere den gode, tryggje kollegaen. Den som ikkje byr opp til konflikt, men som viser veg til gode løysingar. Stundom må du likevel gjere det ubehagelege og seie i frå. Det ligg til rolla og det kan vere krevjande særleg på mindre arbeidsplassar.
Om årets klubbleiar kan det trygt seie at han er sett på slike prøver. Som klubben sin fremste representant, var det han som måfte gå til det sjeldne steget å sende eit varsel til styret om eigen sjef. Overtid hade det utvikla seg eit gifteg arbeidsmiljø. Det måtte seiast i frå.. Eit fleirtal av medlemane hadde ikkje tillit til sjefen.
I slike situasjonar er det avgjørande at medlemsdemokratiet i klubben fungerer, og at medlemmene samlar seg om den tillitsvalde. Det vart tilfelle også her fordi vår mann veit å forankre. Å vere den som må tale klubben si sak i ein så openlys konfrontasjon, er sjølvsagt ei stor påkjenning og krev stort mot.
Årets klubbleiar har vist integritet, samstundes framstår han som alt anna enn ein krigshisser. Tvert imot er han ein diplomatisk, sindeg og reflektert tillitsmann, som brukar innestemme og tenkjer seg godt om før han snakkar. Det er nettopp denne kombinasjonen av eigenskapar som har gjort han i stand til å stå støtt som klubbleiar i ein vanskeleg situasjon. Det er slike som han som gjer det trygt å vere NJ-organisert, og som bidreg til at medlemane ikkje berre oppnår goder, men også levlege arbeidsforhold.”
Alle bilder: Adrian Nielsen.



Et organisasjonsutvalg nedsatt av landsstyret i NJ foreslår endringer i landsmøtets sammensetning og landsstyrets størrelse. – Målet er å sikre et medlemsdemokrati tilpasset dagens organisasjon og bedre bruk av tillitsvalgtes tid, sier utvalgsleder Sven Arne Buggeland.
17. september 2026
Kjenner du ein klubbleiar som har gjort ein ekstra stor innsats i år?
11. september 2026
Denne uka forhandlet NJ for våre medlemmer i Utdanningsforbundets tidsskrifter og nettpublikasjon.
21. august 2026
Fant du det du lette etter?