Valkomiteen i Norsk Journalistlag innstiller Margrethe Håland Solheim frå TV 2 som ny nestleiar i organisasjonen.
Pressemelding frå valkomiteen i NJ:
Solheim er 33 år og i dag landsstyremedlem og leiar for NJs største klubb, Klubb 2.
Margrethe har lang fartstid i NJ. Ho starta som journalist som 16-åring og fekk sitt første NJ-verv i studentklubben ved OsloMet i 2012. Vidare heldt ho fram i styret for NJ Oslo i seks år, to av dei som nestleiar. I TV 2 kom ho inn i klubbstyret i 2018 og har vore leiar frå 2021.
I landsstyre-samanheng har ho vore med sidan 2019 og på fast plass sidan 2021. Sidan då har Margrethe også vore med i forhandlingsutvalet for MBL-området. Den siste perioden har ho fast
plass i Arbeidsutvalet (AU) i NJ.
Jan Børge Leirvik, leiar av valkomiteen. Foto: Gerd Johanne Braadland/NRK
Det er altså ein erfaren tillitsvald valkomiteen her innstiller. I valkomiteens samtalar og innspelsrundar med tillitsvalde i NJ, er det svært mange som peikar på Margrethes kvalitetar og ynskjer ho som nestleiar. Me trur ho er eit godt val for framtida, og at ho saman med leiar Dag Idar Tryggestad vil utgjera eit godt leiarteam den kommande perioden, 2025-27.
Innstillinga frå valkomiteen er samrøystes.
Vala skal gjerast på landsmøtet i NJ 18. – 20. mars. Innstilling på andre landsstyremedlemmar vil bli lagt fram der.
Bergen 18. desember 2024
Jan Børge Leirvik, leiar i valkomiteen i Norsk journalistlag
I dag offentliggjøres lønnsstatistikken for 2025. Norsk Journalistlags forhandlingsledere er ikke fornøyd.
15. april 2026
NJ har i dag sagt opp rammeavtalen for frilansere inngått mellom NJ og MBL. – Avtalen var ikke god nok for våre medlemmer, sier forhandlingsleder Margrethe Håland Solheim.
24. mars 2026
I februar bisto NJs advokater et medlem i en sak om krav på fast ansettelse. Dommen er nå klar.
23. mars 2026
Fant du det du lette etter?