Kristjan Molstad er kåra til Årets klubbleiar på Styrkeløft. Gratulerer!
Kristjan Molstad. Foto: Christine Tolpinrud
Grunngjeving:
«Om årets klubbleiar blir det sagt at vedkomande er god til å balansere samarbeid med konstruktiv kritikk i møte med ei leiing som utfordrar våre rettar. For å få til dette krevst det ikkje berre inngåande kjennskap til lover og reglar, men òg psykologisk og strategisk kløkt.
Årets klubbleiar har hatt fleire verv i si tillitsvaldkarriere i Norsk Journalistlag, mellom anna har vedkomande vore lagsleiar.
Vi må kunne seie at det siste året har vore krevjande for mange mediehus, og våre tillitsvalde har måtta stå på barrikadane – og for å redde arbeidsplassar og hindre oppseiingar.
Det er og tilfelle for årets klubbleiar.
Fleire personar har sendt inn nominasjonar for akkurat denne klubbleiaren, og det blir trekt fram at HAN har gjort ein uvurderleg innsats gjennom eit svært krevjande år for verksemda si.
Det har blitt mange avskjedstalar det siste året. Med sin varme og humor har han stått framfor medlemmene og leiinga og fortalt kvifor akkurat denne personen har betydd så mykje for fellesskapet og mediehuset. Samtidig kan det gjerne ligge ein kritikk av leiinga mellom linjene.
Han har bidrege til å sikre at kutt kom i hamn ved hjelp av frivillige løysingar, men har ikkje minst vist sterk omsorg for medlemmane, vore tydeleg og løysingsorientert i prosessen, og gitt leiinga sterk og konstruktiv motstand. Han har vore samlande der situasjonen kunne ha splitta.
Årets klubbleiar er eit kjenslemenneske, og grubler nok mykje, også på fritida. Etter søvnlause netter kjem han på kontoret med ein rettferdig harme som leiinga får merke dagen etter. Då finnst det mang ei løsning – ofte på gangen. I det stille. Uten at nokon treng å tape ansikt, og også uten at alle høyrer det.
Og det skulle dei visst, alle som har denne klubbleiaren til å kjempe for seg – i AFTENPOSTEN.
Årets klubbleiar er Kristjan Molstad.»
457 redaksjonelle medarbeidere får nå utbetalt vederlag for fjernsyns- og radioprogram, podkast, avisjournalistikk, redaksjonelle kommentarer og reiseguider, som er mye kopiert av privatpersoner i 2025. Totalt deler NJ ut 1,6 millioner kroner i denne runden.
26. juni 2026
Finn Graff vant prisen Årets avistegning 2025 for sin tegning av Epstein som hjemsøker Trump fra graven. Prisen ble delt ut under Medieleder-konferansen i Trondheim 4. juni.
4. juni 2026
Lønnsforhandlingene mellom NJ og arbeidsgiverne i Virke for tv-produksjonsbransjen kom i havn om formiddagen onsdag 3. juni. Det er enighet om et generelt tillegg på 4,7 prosent med virkning fra 1. april.
3. juni 2026
Fant du det du lette etter?